Boligbrann

Aksjon Boligbrann

Fire av ti budstadbrannar i Hordaland har elektrisk årsak

Minst 42 prosent av bustadbrannane i Hordaland skuldast feil i el-anlegg eller feil bruk av elektrisk utstyr. Det viser nye tal frå DSB for den siste tiårsperioden.

Dei tre største brannårsakene i Hordaland i perioden 2002-2011 er open eld med 28 prosent, feil bruk av elektrisk utstyr med 23 prosent og feil i el-anlegg med 19 prosent. I 16 prosent av brannane er årsaken ukjend.

Kos med levande lys, bruk av peisen og auka bruk av elektrisitet og elektrisk utstyr, kanskje i kombinasjon med alkohol, fører til auka risiko for brann i desember. Det er viktig å tenkje branntryggleik, sjølv om ein hyggjer seg.

For å setje søkjelyset på branntryggleik i heimen, blir kampanjen Aksjon bustadbrann arrangert i desember. Direktoratet for samfunnssikkerheit og beredskap, Norsk brannvernforeining og Gjensidige står bak kampanjen, medan representantar frå brann-/feiarvesen, det lokale elektrisitetstilsynet og lokale Gjensidige-kontor står for den praktiske gjennomføringa. Lokalt er det Odda brannvesen og Odda Energi AS som står for gjennomføringa av kampanjen.

Det kostar ikkje mykje å kjøpe røykvarslarar til bustaden din, men dei kan redde livet ditt. Alle bustader er pålagd å ha minst éin fungerande røykvarslar, som kan høyrast på alle soverom med lukka dør. Det beste er å ha samankopla røykvarslarar i alle rom. Då pip alle varslarane samstundes ved brann.

Omlag 40 000 husstandar over heile landet får 4.-6. desember besøk av lokale brannvesen/feiarvesen og elektrisitetstilsyn, med tilbod om gratis og uforpliktande sjekk av brann- og eltryggleiken i bustaden.

Det dreiar seg ikkje om eit tilsyn i vanleg forstand, men om ein enkel kontroll, med rettleiing og informasjon. For bebuarane er sjekken friviljug, og kontrollørane vil legitimere seg når dei ringjer på.

Kvart husbesøk tar omlag 30 minutt med kontroll av følgjande tilhøve:
-Varslingsutstyr
-Sløkkjeutstyr
-Elektriske apparat og anlegg
-Eldstader og skorstein
-Rømmingstilhøve

Her i Odda er det blokkene på Eide som blir prioritert i aksjon bustadbrann i år.

Eventuelle spørsmål kan rettes til Odda brannvesen og Odda Energi AS.

Meir informasjon om førebyggjande brannvern finn de på www.aksjonboligbrann.no og på Facebook.